Postdoktor i isotop geokjemi
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Postdoktor i isotop geokjemi
- Frist
- 26.01.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i isotop geokjemiVed Institutt for geovitenskap er det ledig ei postdoktorstilling innan isotopgeokjemi. Stillinga er eit åremål på 4 år og er knytt til Senter for Djuphavforsking og forskingsgruppa Geokjemi og Geobiologi.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Senter for djuphavforsking er eit tverrfagleg forskingssenter beståande av forskarar med brei kompetanse innan geofag og biologiske vitskapar. Den geofaglege forskinga er retta mot spreiingsryggar, danninga og utviklinga av nyare og eldre oseanisk litosfære, hydrotermisk aktivitet og interaksjonar mellom vatn og bergartar.
Postdoktorstillinga vil fokusere på bruk av stabile og/eller radiogene isotopar for å studere mekanismane og konsekvensane av interaksjonar mellom væske og bergart i havbotnskorpa. Spesifikke mål vil bli utforma i tråd med bakgrunnen og interessene til kandidaten, men kan inkludere prøvemateriale frå hydrotermale avsetningar, magmatiske bergartar og sedimentskjernar frå dei ultra-langsamt spreiande arktiske midthavsryggane, i tillegg til ofiolitt-bergartssekvensar.
Kandidaten er også forventa å bidra aktivt til drifta av ren-labben og Nu Instruments Plasma 2 multikollektor ICP-MS ved Institutt for geovitenskap. For tida finst det analyserutinar for stabile Fe- og Cu-isotopar og radiogene Sr-, Nd- og Pb-isotopar, men ytterlegare metodeutvikling er ønska.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor isotop geokjemi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Praktisk erfaring med stabile og/eller radiogen isotopanalysar, inkludert arbeid på ren-lab og MC-ICP-MS, er eit krav.
- Erfaring med utvikling av analysemetodar innan isotopgeokjemi er ein fordel.
- Erfaring med djuphavforsking eller arbeid på ofiolittar er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. 25 % av arbeidstida skal knytast til undervisning, kommunikasjon og formidling ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi kan tilby:- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Gode velferdsordningar
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV.
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar.
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
- eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, UiB, epost: desiree.roerdink@uib.no, telefon: +47 55 58 38 59, eller førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen (Direktør Senter for Djuphavsforskning), Institutt for geovitenskap, UiB, epost: steffen.jorgensen@uib.no, telefon: +47 55 58 38 60.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allégaten 41, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør
- FINN-kode
- 382461365
- Sist endret
- 27. nov. 2024 08:49