Helsefagarbeidarar
- Arbeidsgiver
- Kvam heimeteneste
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidarar
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du vår nye kollega?
Me søkjer deg som vil ha meiningsfulle dagar på jobb og kan tilby fast stilling hos oss i Kvam heimeteneste. Det er ledig 2 stillingar, begge i 80 % og ledige frå snarast. Turnus med arbeid kvar 3. helg.
- Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar.
- Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Vil du vite meir om heimetenesta følg lenke: Kvam heimeteneste
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg og praktisk bistand i heimetenesta
- Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
- Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Tenesta er under kontinuerleg utvikling og me yt tenester etter behovet til ei kvar tid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- God norskkunnskap munnleg og skriftleg, tilsvarande B2
- Sertifikat kl B
- Evne til å arbeida sjølvstendig og saman i team
- Gode kommunikasjons-/og samarbeidsevner
- God arbeidskapasitet
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Positiv og lærevillig
- Løysningsorientert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variert arbeidskvardag
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Annelin Aga, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 482 08 990Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4890413392
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 382470168
- Sist endret
- 27. nov. 2024 09:47