Sjukepleiar 100% Heimebasert omsorg

Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar inntil 100%
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vanylven kommune søker deg som er sjukepleiar og vil jobbe i heimebasert omsorg. Vi har ledig inntil 100 % fast stilling, med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga er ledig frå dags dato. 

Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit framoverlendt miljø er dette jobben for deg!

 

Heimebaserte tenester i Vanylven Jobbar for å imøtekomme framtidige utfordringar innan helsetenester til brukarar som bur i eigen heim. Vi jobbar mot mål i kvalitetsreformen "Leve Heile Livet" som seier at eldre skal bu heime lengst mogleg, med fouks på god helsehjelp, samanhengane tenester, gode pasientforløp, kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Jobben som sjukepleiar i heimebasert omsorg består av tverrfagleg samarbeid, i og rundt pasienten og med pårørande. Vi yter tenester til komplekse og multisjuke pasientar og er i stadig utvikling for å imøtekome dagens og morgondagens behov. Ein jobbar breitt og innan fagområda rehabilitering, rus og psykiatri, geriatri, demens, palliativ omsorg.  

Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 

Arbeidet inneber turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Turnus kan tilretteleggast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100 %, men kan tilpassast etter ønske. 
Heimebasert omsorg er lokalisert i første etasje ved Vanylven Helse- og omsorgssenter på Fiskå og har ein base ved omsorgsbustaden Syvdetun i Syvde. 

Denne stillinga har hovudsakleg oppmøte ved omsorgsbustaden Syvdetun.


Vanylven har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.  

Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga! 

    

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet
  • Sjukepleiefaglege prosedyrer
  • Arbeide sjølvstendig og team
  • Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av planer i EPJ, vi nyttar Helseplattformen som journal system 
  • Vurdere og kartlegge behov hos brukar
  • Medikamenthandtering
  • Sørge for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
  • Sikre gode pasientforløp til brukarar av tenesta
  • Ta i bruk velferdteknologiske løysingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk godkjenning som sjukepleiar
  • Godkjent politiattest
  • God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT-verktøy
  • Kommunisere godt skriftleg og muntleg
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv og løysingsorientert 
  • Fleksibel og effektiv
  • Engasjert og ynsker å bidra til å utvikle og betre tenestene
  • Positiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Spennande og variable kvardagar
  • Moglegheit for eigenutvikling
  • Positivt og godt eteblert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer 
  • Godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar
  • Tilrettelagt turnus så langt det let seg gjere
  • Rekrutteringstillegg med 30 000,- i tillegg pr år i 100% stilling
  • Nedbetaling av studielån med 15% pr år innil 28 000,-
  • Gode pensjonsordningar

    Velkommen til å søke hos oss!
    Gjer vel å oppgje referansar.
 

Kontaktinformasjon

Julie Strand, Avdelingsleiar heimebasert omsorg, 70030211, julie.strand@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Saurdalsvegen 38

6140 Syvde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4887283940

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Saurdalsvegen 38, 6140 Syvde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
382476973
Sist endret
27. nov. 2024 11:35