Heimetenestene

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Heimetenestene
Stillingstittel
Ferievikariat 2025 - Heimetenestene
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Heimetenestene søkjer etter ferievikarar for perioden 16.06.25 – 24.08.25. Ferievikariatet har turnusarbeidd. 

Krav til kompetanse
- sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
- helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar

Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje.

For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje. Innan reinhald kan personar som er fylt 16 år før ferieperioden søkje. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne. Aktuelle tenestestadar i heimetenestene erHeimesjukepleiePraktisk bistand i heimenDagsenter Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
 

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Det er ein fordel at søkjarane kan arbeide heile ferieperioden og heiltid. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg. Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge. TilsettingsvilkårLøns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.  Vi ønskjer deg velkommen til å søkje

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
30
Sted
Brugata 6, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
382482396
Sist endret
27. nov. 2024 12:21