Psykisk helse og rus oppfølgingstenesta
- Arbeidsgiver
- Øygarden kommune Psykisk helse og rus
- Stillingstittel
- Miljøterapeut 100% fast
- Frist
- 27.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om avdelinga:
Avdeling Psykisk helse og Rus i Øygarden kommune er delt inn i tre soner. Oppfølgingstenesta er ein del av tilbodet i avdelingane og består av tverrfagleg samansette team som gjer tilbod til personar med moderat til alvorlege psykisk helse og- /eller rus utfordringar. Tenestene som vert gitt er vedtaksbasert. Tenestene vert individuelt tilpassa og kan verte gitt med individuell oppfølging, gruppetiltak og dagaktivitetstilbod.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eit spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester. Arbeidsdagane er varierte og innhaldsrike med arbeid ute i felten og på kontoret. Du har mykje ansvar, moglegheiter til å strukturere arbeidsdagen din og får bidra til å hjelpe menneske i ei krevjande livssituasjon.
Arbeidsoppgåver:
Samtalar, råd og rettleiing for betre psykiske helse og livskvalitet
- Råd og rettleiing i gruppetilbod og individuelle samtalar
- Hjelp til å etablere struktur i kvardagen og utvikle gode rutinar.
- Støtte og motivering til meiningsfulle aktivitetar og sosial deltaking
- Koordinere tenestetilbod
- Praktisk bistand opplæring i heimen
- Nettverksarbeid
- Individuell plan
Kvalifikasjonar
Må ha:- Fullført treårig høgskuleutdanning.
- Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid.
- Førarkort klasse B
- Stor grad av fleksibilitet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- Engasjement for målgruppa er ei viktig eigenskap for oss.
Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan helse-/sosialfagleg utdanning.
Kven er du?Vi ser etter deg som har ein utmerka stå-på vilje, er positiv og er løysingsorientert.
Du må ha stor arbeidskapasitet og raskt kunne snu om på planar og trø til der det er behov. Vi arbeidar tett i team på avdelinga og du må kunne samarbeide i planarbeid.
Om stillinga:
Stillinga er ledig frå 1. februar 2025, for tida i avdeling Nord, Kommunedelssenteret.
Det kan vere aktuelt å tiltre i vikariat allereie frå desember i tilsvarande stilling i ein av våre 2 andre avdelingar om ynskjeleg.
Det er også ledig tilsvarande vikariat i ulike lengder i dei to andre avdelingane våre.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Alette Kleppestø, tlf 99085228
Einingsleiar Therese Helgesen, tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 382486474
- Sist endret
- 27. nov. 2024 12:36