Kombinert fagleiar/reinhaldsstilling, 1 års vikariat

Arbeidsgiver
Solund kommune Helse og omsorg
Stillingstittel
Fagleiar reinhald, 100% vikariat
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig 100% vikariat som fagleiar reinhald med moglegheit for lenging. Vikariatet varer i fyrste omgang for perioden 01.01-31.12.2025 Stillinga er ein kombinert reinhaldar/fagleiarstilling med ca. 60% reinhald og 40% fagansvar. Det er 7 personar i reinhaldarteamet og dette utgjer ca. 4,7 årsverk.

Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna:

  • Leiande reinhaldaroppgåver
  • Fagleiar for reinhaldarane
  • Utvikling og gjennomføring av rutiner for alle typer reinhald (dagleg, periodisk, nedvask)
  • Fagleg utvikling, opplæring og rettleiing av dei tilsette
  • Oppfølging og kontroll av forventa kvalitet

Ein må rekne med noko ettermiddag/kveldsarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Ynskjeleg med fagbrev som reinhaldar
  • Erfaring og kursing innan reinhald er ynskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Kunnskap om og erfaring med å organisere reinhald og leie eit team

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv, ansvarsfull og engasjert
  • Praktisk orientert og systematisk
  • Sjølvstendig og målretta arbeidsform

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP

Velkomen som søkjar!

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
382496679
Sist endret
27. nov. 2024 01:53