Miljøarbeidar/assistent
- Arbeidsgiver
- Akuttpsykiatrisk post Haugesund sjukehus
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar/assistent
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter ein fagleg interessert og erfaren miljøarbeidar/assistent til vår akuttpsykiatriske post ved Haugesund sjukehus!
Denne posten er ei lukka eining som handterer øyeblikkeleg hjelp-innleggingar, og vår primæroppgåve er å motta menneske som opplever akutt psykisk sjukdom med varierte utfordringar. Vi jobbar for å sikre at dei som treng akutt bistand, mottar kvalifisert og forsvarleg hjelp og behandling.
Dette er ein fast stilling i to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakt på helg. Vi oppmodar deg til å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Er du klar for å gjøre ein forskjell i livet til dei som treng det mest? Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk behandling på lukka døgnpost - pasientoppfølging, undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
- Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar.
- Delta på obligatoriske treningar i MAP.
- Bidra til fagutvikling i eininga.
Kvalifikasjonar
- Interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase.
- Utdanning og erfaring frå andre fagområder med relevans og overføringsverdi til akuttpsykiatrisk post.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast med søknad.
- Personleg eignaheit vert vektlagd.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
- Tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
- Fagleg engasjement og interesse for å tilegna seg kompetanse gjennom kursing og strukturert trening i regi av eininga.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
- Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
- Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern.
- Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4885406833
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 382499869
- Sist endret
- 27. nov. 2024 02:08