Helsefagarbeidar 57% stilling , vikariat frå 18.2.25-17.11.25

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Sula kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 57% stilling , vikariat fra 18.2.25-17.11.25
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Heimetenesta ytre Sula har ca.23 årsverk og har base ved Stadsnesvegen 9b, i sentrum av Langevåg. Avdelinga dekker område vest for Veddefabrikken.

Avdelinga har ledig eit vikariat på 57% stilling for helsefagarbeidar i perioden 18.2.25-17.11.25.

2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid 08.00-15.00 og 14.30-22.00

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om du trur dette kan vere noko for deg.

Arbeidsoppgåver

Avdelinga har brukarar i alle aldersgrupper og med ulike hjelpebehov. Oppgåvene varierer frå praktisk bistand , sjukepleieoppgåver , personleg stell og pleie etter vedtak.

Kvalifikasjonar

*Utdanning som helsefagarbeidar

*Datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

*Krav om førarkort og politiattest

*Oppgje referanse.

Personlege eigenskapar

*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein kollega med god framferd.

*Du må vere stabil,fleksibel, pliktoppfyllande og like å arbeide med menneske med ulike utfordringar

*Du må kunne arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team.

*Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar.

*Arbeidet kan vere fysisk krevjande

*Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% til inskot til pensjonsordning

Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår

Flotte kollegaer med god fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø

Opplæring

Arbeidskle

Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

Fine arbeidslokale

Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.no
Torunn Veddeng, Einingsleiar, 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 9B
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4890504306
Stillingsprosent: 57%
Vikar
Startdato: 18.02.2025
Sluttdato: 17.11.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Stadsnesvegen 9B, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
382502071
Sist endret
27. nov. 2024 01:53