29% stilling fast stilling natt for autorisert sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Sula kommune
- Stillingstittel
- 29% stilling fast stilling natt for autorisert sjukepleiar
- Frist
- 11.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Heimetenesta ytre Sula har ledig ei helgestilling på natt for autorisert sjukepleiar frå 6.1.25. Basen er ved Stadsnesvegen 9b i Langevåg sentrum, med primært område vest for Veddefabrikken som ansvarsområde.
Stillinga kan t.d. passe for deg som er ute i ei vidareutdanning og treng ei lita deltidsstilling. Om ønskeleg kan den byggast ut med med vakter på dag og kveld på tilsaman 66% grunna prosjektmidlar. Ekstra vakter utanom dette kan også påreknas om ønskeleg.
Arbeid 3 netter kvar tredje helg. Arbeidstid frå 21.45 - 08.15.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om du trur dette kan vere noko for deg.
Arbeidsoppgåver
*Nattevaktene arbeider i team på 2 sjukepleiarar som arbeider delar av natta saman. Den andre sjukepleiaren har base ved Nausthaugen og startar og avsluttar vaktene sine der.
*Forutan faste oppdrag og utrykning på alarmar er det sjukepleieoppgåver og evt. oppgåver ved personalbasen.
*Nattevaktene samarbeidar også med andre einingar når det er rom for det.
Kvalifikasjonar
*Autorisasjon som sjukepleiar
*Krav om førarkort og politiattest
*Det krevas datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
*Oppgje referanse
Personlege eigenskapar
*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein positiv kollega med god framferd.
*Du må vere stabil, pliktoppfyllande , løysingsorientert og ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
*Du må vere trygg og takle uførutsette hendingar
*Arbeidet kan vere fysisk krevjande
*Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi tilbyr
*Eit godt arbeidsmiljø, stabil personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme
*Opplæring
*Arbeidskle
*Vi nyttar kommunal bil i tenesta
*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
*Løn etter gjeldande tariff . Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsinnskot
*Gode arbeidslokale og gratis parkering.
Kontaktinformasjon
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.noTorunn Veddeng, Einingsleiar, +47 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9B6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4890186366
Stillingsprosent: 29%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 11.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Stadsnesvegen 9B, 6030 Langevåg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 382503872
- Sist endret
- 27. nov. 2024 02:21