Autorisert sjukepleiar 70% stilling, vikariat frå 10.2.25-30.09.25
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Sula kommune
- Stillingstittel
- Autorisert sjukepleiar 70% vikariat frå 10.2.25-30.09.25
- Frist
- 12.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
*Heimetenesta indre Sula har ledig eit vikariat i 70% stilling for autorisert sjukepleiar frå 10.2.25-30.09.25.
*Avdelinga har 25,5 årsverk og dekker område frå Veddefabrikken til Vegsundbrua.
*Basen ligg ved Nausthaugen, like ved fergekaia i Solavåg og ca.10 min.med bil frå Moa.
*Avdelinga har stort aldersspenn med ulik fartstid og bakgrunn.
*Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om du trur dette kan vere noko for deg.
Arbeidsoppgåver
*Avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe og med stort spenn i hjelpebehov. Oppgåvene variere frå praktisk bistand, sjukepleieoppgåver, personleg stell og pleie etter vedtak. Avdelinga har god fagkompetanse og terminalpleie må påreknas.
*Forutan tradisjonell heimesjukepleie yt avdelinga også bistand til nokre funksjonshemma i eigne bustadar med både 2:1 og 1.2 bemanning.
*2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid frå 08.00-15.00 og 14.30 -22.00
Kvalifikasjonar
*Autorisasjon som sjukepleiar
*Datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
*Krav om førarkort og politiattest
*Oppgje referanse
Personlege eigenskapar
*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ei kollega med god framferd som lika å arbeide med menneske med ulike utfordringar.
*Du må vere stabil, pliktoppfyllande og kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team.
*Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar
*Arbeidet kan vere fysisk krevjande
*Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi tilbyr
*Løn etter tariff. Frå løna vert det trekt 25 til pensjonsinnskot
*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
*Eit godt arbeidmiljø, ei stabil personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme.
*Opplæring
*Arbeidskle
*Vi nyttar kommunale bilar i tenesta . Nokre av brukarane har også eigne bilar som vi nyttar.
*Gode arbeidslokale og gratis parkering
Kontaktinformasjon
Iselin Lunden-Sandøy, Avdelingsleiar, 47621378, Iselin.Lunden_Sandoy@sula.kommune.noTorunn Veddeng, Einingsleiar, 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Pebakken6037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4890601753
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 10.02.2025
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Pebakken, 6037 Eidsnes
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382509655
- Sist endret
- 27. nov. 2024 01:45