Inaktiv

Prosjektmedarbeider, ungdomsprosjekt i Ryfylke IKS

Arbeidsgiver
Ryfylke IKS
Stillingstittel
Prosjektmedarbeider innen økonomi og samfunnsvitenskap, offentlig administrasjon
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Om Ryfylke IKS:

Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap som har som formål å styrkja Ryfylke-regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes. Dei unge er viktige for regionen og i juni i år vart Ungdomsstyret i Ryfylke etablert.

Ungdomsstyret i Ryfylke består av to personar frå kvar av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Styret skal vera ein viktig pådrivar for ei auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylke-regionen, mellom anna ved å bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen.

Med føresetnad om at stillinga vert godkjend av RIKS representantskap søker me etter:

Prosjektmedarbeidar i Ryfylke IKS

Er du engasjert og brenn for unge sine vilkår og ønsker å bidra til å styrkja unge si medverking i Ryfylke? Då bør du søkje denne prosjektstillinga!

Ryfylke IKS søkjer no ein dyktig og engasjert medarbeidar som skal vera bindeleddet mellom ungdomsstyret og dei oppgåvene og sakene dei sett på dagsorden.

Arbeidsoppgåver:

· Vera med og utvikla RyRekrutt -- ein årleg event der unge møter unge på tvers av Ryfylke og får bli betre kjent med arbeidslivet i Ryfylke

· Bidra til å bygge ein digital plattform som fortel om det som skjer i Ryfylke og som er relevant for unge der ein søkjer utdanning og arbeidserfaring.

· Vidareutvikle sommarjobben.no slik at fleire unge frå Ryfylke får sommarjobb som er relevant for utdanningsvalet sitt.

· Motivere fleire private og offentlege verksemder til å satse på traineestillingar i eigen organisasjon.

Me ser etter deg som er strukturert, initiativrik og som har lyst til å vere ein pådrivar for ungdomsstyret sitt arbeid i regionen. Les meir på ryfylkeiks.no, der du finn meir informasjon om ungdomsstyret sitt arbeid.

Sektor
Offentlig
Sted
Ryfylkevegen 740, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Prosjektledelse, Annet
FINN-kode
382513259
Sist endret
28. nov. 2024 07:30