Vi søker psykolog til vårt senter for jobbmeistring 

Arbeidsgiver
Nav Vestland kompetansesenter for arbeidshelse
Stillingstittel
Psykolog
Frist
11.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 1 års vikariat som psykolog ved Nav Senter for jobbmeistring. Vi ser etter kandidatar som identifiserar seg med verdigrunnlaget til Nav og som har forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.

Senter for jobbmeistring er eit tilbod retta mot personar med lettare psykiske helseplager som til dømes angstlidingar og depresjon, der symptoma gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet. Målet med tilbodet er meistring av symptom og auka tilknytning til arbeidslivet. Tenesta bygger på metoden individuell jobbstøtte (IPS). Du vil gi arbeidsretta kognitiv terapi  der meistring av arbeid og psykisk helse er hovudfokus. Tilbodet om arbeidsretta kognitiv terapi er eit korttidstilbod. Tett samarbeid med jobbspesialist er ein viktig del av jobben. Senter for jobbmeistring har 6 psykologar og held til i Bergen. 

Senter for jobbmestring er ein del av eit spennande tverrfaglig arbeidsmiljø i ein av Nav sine spesialeiningar. Saman med pedagogar, legar, psykologar og jobbspesialistar kan du få jobbe med å gi menneske moglegheiter!


Arbeidsoppgåver

  • Kognitiv korttidsterapi til personar med lettare til moderate psykiske plager med sikte på å fungere i arbeidslivet
  • Samarbeid med jobbspesialist i samsvar med IPS-modellen
  • Samarbeid med NAV sine ulike tenester i brukarsaker og i samarbeid med primær- og spesialisthelsetenesta
  • Fleksibel oppfølging i kombinasjon av fysiske møte og videoterapi

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som psykolog
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring med individuelle samtalar og kognitiv terapi som metode       

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå arbeid etter IPS-metoden
  • erfaring med arbeidsretta kognitiv terapi og metakogitiv tearpi som metode
  • erfaring frå tverrfagleg teamarbeid
  • kjennskap til Nav sitt arbeid og verkemiddel, organisering og mål

Vi ser etter deg som

  • har gode relasjonsferdigheiter
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider målretta, strukturert, sjølvstendig og effektivt
  • har gode evner til, og interesse for å drive rettleiing og opplæring

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Variert og tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområde for stillinga
  • Eit godt og fagleg engasjert arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Statleg tilsetting i stillingskode 0794 psykolog med lønnsspenn frå kr. 657.300 til kr. 708 000 per år (tilsvarande ltr. 67 - 71). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. 
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleiar, 408 27 552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV


Referansenr.: 4890466272

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 31.01.2025

Sluttdato: 31.01.2026

Søknadsfrist: 11.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
382515000
Sist endret
28. nov. 2024 06:59