Rådgjevar grunnskule og vaksenopplæring
- Arbeidsgiver
- Sektor for læring og kultur
- Stillingstittel
- Rådgjevar grunnskule og vaksenopplæring
- Frist
- 11.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter ein engasjert og kunnskapsrik rådgjevar som kan vere med å styrke skulane og barnehagane sitt utviklingsarbeid. Sektoren står føre store omstillingar og vi ser etter ein person som kan sikre satsingsområda våre og vere ei drivkraft for vidare utvikling.
Her i Hareid kommune satsar vi på lesing, psykisk helse og skuleleiing. Vi ønskjer at du har spisskompetanse på eitt eller fleire av desse satsingsområda.
Sektoren læring og kultur består av tre barneskular, éin ungdomsskule, vaksenopplæring, ressurssenter, kulturskule og tre kommunale barnehagar.
6060 Hareid
Referansenr.: 4890188274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2024
Her i Hareid kommune satsar vi på lesing, psykisk helse og skuleleiing. Vi ønskjer at du har spisskompetanse på eitt eller fleire av desse satsingsområda.
Sektoren læring og kultur består av tre barneskular, éin ungdomsskule, vaksenopplæring, ressurssenter, kulturskule og tre kommunale barnehagar.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle sektoren og gje råd til rektorane i grunnskule, kulturskulen og ressurssenteret i deira arbeid, administrativt og skulefagleg
- Ha ansvar for strategisk utvikling og oppfølging av sektoren sitt IKT-arbeid i skule og barnehage
- Følgje opp og delta i kommunen sitt tverrfaglege arbeid rundt barnet, koordinere sosialpedagogisk arbeid og vere kontaktperson for den interkommunale barnevernstenesta
- Støtte kommunalsjefen i administrative oppgåver som saksførebuing og –handsaming, internkontroll, databehandlaravtalar, innkjøp, kontering, budsjettarbeid og -oppfølging, prosjekt- og prosesstyring , koordinering og planarbeid
- Følgje opp og ha ansvar for sektoren sitt fagadministrative program
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant, høgare utdanning for arbeid i skulen og formell vidareutdanning innan eitt eller fleire av satsingsområda til sektoren, som sosialfagleg arbeid, lesing eller leiing/rektorskule
- Erfaring med administrativt arbeid, rådgjeving og saksførebuing-/handsaming innan skulefeltet
- Særleg gode kommunikasjonsevner skriftleg på nynorsk, verbalt og nonverbalt
- God forståing av og kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk knytt til arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga
- Erfaring med å leie og støtte utviklings- og endringsprosessar
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring og godt omdøme som leiar frå grunnskulen
- Erfaring og/eller vidareutdanning i utviklings- og endringsarbeid
- Kunnskapar om regelverk innan personvern og databehandlaravtalar
- Kunne leie arbeid knytt til internkontroll og risikovurderingar
Personlege eigenskapar
Du:
- er god på relasjonar, er omgjengeleg, har jamt humør og er triveleg å vere rundt
- har høg arbeidskapasitet og handterer stress på ein måte som er handterbar for deg sjølv og medarbeidarane dine
- kommuniserer godt og kjem lett i kontakt med folk
- er fagleg trygg og har engasjement for barn og unge
- har god forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
- har mykje futt i deg!
- let deg begeistre av og motiverer andre i utviklings- og endringsarbeid
- reflekterer gjerne saman med kollegar og samarbeider også der du ikkje må
- kan også arbeide sjølvstendig, tek initiativ og er fleksibel i møte med nye oppgåver
- er analytisk, strategisk og tenkjer heilskapleg i møte med krevjande saksfelt
Vi tilbyr
- Ei spennande, utfordrande og meiningsfull stilling i ein sektor og kommune som er i stor endring, med eit godt høve til å påverke og drage utviklinga av barn og unge sine oppvekstvilkår i kommunen i positiv retning
- Varierte arbeidsoppgåver og -dagar
- Kompetente og inkluderande kollegaar, både i staben og ute i einingane
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, med eit klart syn på medarbeidarane si vidare læring, kompetanseheving og høve til eigenutvikling
Administrasjonsspråket på Hareid er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månadar.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Webcruiter.
Kontaktinformasjon
Helge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for læring og kulturReferansenr.: 4890188274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Kontor og administrasjon, Ledelse
- FINN-kode
- 382516400
- Sist endret
- 28. nov. 2024 06:58