Fagarbeidar / assistent i Gol barnehage
- Arbeidsgiver
- Gol kommune Gol barnehage
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledige stilling som fagarbeidar /assistent frå januar 2025
Utlysinga vil også gjelde for ev. andre stillingar som skulle bli ledig.
Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjar medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i læring og utvikling.
Dine kvalifikasjonar:
• Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
• Har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning.
• evne til å ta i bruk dei digitale verktøy som Gol kommune nyttar.
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Forventningar til deg som søkjar:
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
• Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Har evner til å skape gode relasjonar med barn.
• Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
• Er interessert i barn si utvikling og medverking.
• Bidreg til eit raust arbeidsklima.
• Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
• Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
• Deltar i det pedagogiske arbeidet
• Tar medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, både inne og ute.
• Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Stillingsbeskriving
• Gratis trening
Anna:
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane – menn blir oppfordra til å søkje
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidlegare arbeidsgivarar og laste opp attest/tenestebevis frå disse. Har du ikkje tenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noko om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut
i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gamlevegen 4, 3550 Gol
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 382574765
- Sist endret
- 28. nov. 2024 07:07