Reinhaldar/ Reinhaldsoperatør
- Arbeidsgiver
- Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Reinhaldar/ Reinhaldsoperatør
- Frist
- 05.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
100 % stilling som reinhaldar ved operasjonseininga ved Kristiansund sjukehus
Vi søkjer ein engasjert reinhaldar til ei 100 % fast stilling ved operasjonseininga vår. Tilsetting frå snarast. Du vil vere ein viktig del av teamet vårt, og vi ser etter deg som ønskjer ein variert, kjekk og travel arbeidsdag. Arbeid i turnus inkludert helg må påreknast.
Operasjonseininga vår har hovudvekt på ortopedi, inkludert hofteproteser, kneproteser, skulderproteser og revisjonsproteser. Vi utfører også ryggkirurgi, artroskopi av skulder, kne, handledd og ei rekke andre ortopediske inngrep, både for inneliggande pasientar og dagkirurgi. Operasjonsavdelinga ved Kristiansund sjukehus er ein aktiv avdeling der fleire yrkesgrupper jobbar saman dagleg for å sikre det beste for pasientane våre.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Delar av stillinga, eller stillinga i si heilhet skal utførast ved sjukehuset på Hjelset etter mai 2025.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald i seksjonen som mellom anna har fleire operasjonsstover
- Rydding av varer og påfyll av forbruksmateriell
- Avfallshandtering
- Andre oppgåver kan bli lagt til, mellom anna arbeid ved sterilsentralen ved behov
- Behandling/ reingjering av instrument for sterilisering
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhald kan vere ein fordel, men inga føresetnad for tilsetting
- Erfaring frå arbeid i liknande avdeling vil bli vektlagt
- Opplæring vil bli gitt i avdelinga
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er praktisk, sjølvstendig og arbeidsam
- Du trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Du har gode hygieneprinsipp
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Birgitte Arnøy, Seksjonsleder, +47 71121467, Birgitte.Arnoy@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4887877199
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Renhold, Annet
- FINN-kode
- 382612497
- Sist endret
- 28. nov. 2024 09:56