Vernepleiar og miljøterapeut ved Myroldhaug Psykisk helse og Rus (PHR)

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Vernepleiar og miljøterapeut ved Myroldhaug Psykisk helse og Rus (PHR)
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe for å fremme sjølvbestemming og sosial tilhøyrsle?
Er du på jakt etter ein arbeidsplass som styrker hjelpetilbodet for menneske med psykiske lidingar, tilbyr spennande utfordringar og har eit sterkt tverrfagleg fagmiljø?
Då er dette stillinga for deg!
 
Vi har ledige stillingar i Psykisk helse og rus (PHR):
1 x 100 % fast stilling som vernepleier, tiltreding snarast.
2 x 100 % faste stillingar som miljøterapeut, tiltreding snarast.
 
Avdeling PHR har to bufellesskap:
Bufellesskapet på Myroldhaug: 7 faste bebuarar.
Bufellesskapet på Gjerdane: 5 faste bebuarar og ein akutthybel.
Vi gir også oppfølging til heimebuande tenestemottakarar i kommunen.
 
Våre tenestemottakarar har behov for omsorgsfulle, fagleg dyktige personar som skapar tryggheit og meistring.
Vi har ei Recovery-orientert tilnærming til tenestemottakarane.
Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta og andre instansar.
 
Vi ser etter personar med sterk fagleg kompetanse, gode samarbeidsevner og med evne til å arbeide i tverrfaglege team. 
På Myroldhaug PHR jobbar tett med tenestemottakarane gjennom individuell oppfølging og miljøterapeutiske arbeidsoppgåver i tråd med primær- og sekundæransvarsoppgåver.
 
Vi har:
Årsarbeidsplan med kort- og langvakter med moglegheit for tilpassing
Turnus med fokus på optimal kompetansebruk
Overnattings moglegheiter ved pendling.
 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane man er primær- og sekundærkontakt for
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar og andre
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Oppfølging og journalføring i pasientjournal
  • Delta i det faglege rundt brukarane
  • Helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav som vernepleiar

  • Vernepleiar med autorisasjon
  • Kandidatar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogikk kan også søkje
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Kvalifikasjonskrav som miljøterapeut

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå 
  • Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også søkje.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Høve til fagleg og eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar vert samla opp saman med søknaden. 

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med vikarierande avdelingsleiar Knut Oddvar Sundli tlf. 909 78 256.

Kontaktinformasjon

Knut Oddvar Sundli, Vikarierande avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 909 78 256, knut.sundli@stad.kommune.no

Karl Alsaker, Einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 915 61 383, karl.alsaker@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4881016141

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
382614707
Sist endret
28. nov. 2024 10:24