Sjukepleiar, 100 % fast ved Etne omsorgssenter
- Arbeidsgiver
- Etne kommune Pleie og omsorg
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, 100% fast
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Etne omsorgssenter søkjer etter sjukepleiar i 100 % stilling, somatisk avdeling. Avdelinga har eit særs godt arbeidsmiljø med fokus på både det faglege og det å skape gode arbeidsdager med mykje godt humør. Me søker deg som kan bidra med sjukepleierfagleg kompetanse, brennande engasejment og smittande godt humør, som gjer arbeidsplassen ein god stad å vera. Etne omsorgsenter er eit moderne bygg som er godt tilrettelagt med hjelpemiddler og høgtekonologisk velfredstekonlogi.
Ved somatisk avdeling vil ein treffe eit bredt spekter av pasientar. Avdelinga gir tjenester til langtids pasientar,korttidspasientar, avlastning og pasientar på rehabilitering.
- Sjukepleiefagleg ansvar i instutisjon
- Helhetleg pleie, omsorg og medisinsk behandling av eldre og personar med ulike sjukdomar
- Handtering av velferdstekonologiske løysingar/hjelpemiddel
- Oppfølging av pasientar, samarbeid med pårørande, lege og andre
- Dokumentasjon i fagjournal
- Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssystem
- Delta i utvikling av eigen arbeidspalss
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og praktikantar
- Autorisert sjukepleiar
- God samarbeidsevne,er strukturert og målretta
- Evne til nytenking og initiativtaking
- God på digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Utdanning som geratrisk sjukepleier er positivt
- Trygg og stabil medarbeider med sunne verdiar og haldningar
- Jobbe sjølvstendig og i team, ha ei god framdrift i arbeidet
- Trivst i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring
- Endrings - og lærevilig
- Fleksibel
- Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Sjukepleiar i turnus i Etne kommune ligg 25 000,- over garantiløn i 100% stilling
- Arbeidstidsordninga er årsturnus med kvar 3.- 4. helg
- Me kan tilby lengre arbeidsperiodar etterfulgt av lengre periodar fritid
- Moglegheit for langvaktsturnus
- Fleksibel turnus, der deler av stillinga kan planleggast ut frå eige behov
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Fokus på kvalitet og utvikling
- God opplæring
- Gratis parkering i parkeringsanlegg
Ved å bli en del av vårt team vil du ikkje berre bidra til å gi god omsorg og støtte til våre tenestemottakarar, men også oppleva ei meningsfull karriere med rom for fagleg og personleg utvikling.
Annan informasjonI Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Barne- og ungdomsskule i sentrum med gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse. SFO-tilbod kvar dag frå kl. 07.00 til kl. 16.30. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering.
Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utendørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Etne kommune er deltakar i Tørn-prosjektet i regi av KS. I prosjektet er det fokus på den gode vakta gjennom kontinuitet i bemanning og oppgåvedeling, slik at me sikrar at rett kompetanse blir nytta på rett stad til rett tid. Som tilsett i helse og omsorg i Etne kommune har du moglegheit til å påverka prosjektet via medarbeidarinvolvering og du må vere villig til å prøve ut nye løysingar for å nå målet om den gode vakta.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller
minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Holmavegen 30, 5590 Etne
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382616293
- Sist endret
- 28. nov. 2024 10:19