Helsefagarbeidar - 100 % fast

Arbeidsgiver
Heimetenesta Rauland, Vinje kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100% fast
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenesta i Rauland har ledig fast stilling inne på omsorgssenteret. Me søkjer deg som er engasjert, blid, utadvendt, er glad i utvikling og likar å prøve ut nye måtar å løyse oppgåvene på. Hjå oss vil du jobbe saman med engasjerte kollegaer med ulik fagbakgrunn, som sjukepleierar, helsefagarbeiderar og pleiemedarbeiderar. Arbeidsplassen har fokus på fagutvikling, pasientsikkerheit og høg kvalitet på tenesta. Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt og er opptatt av å kjenne kvarandre, respektere kvarandre og skape gode relasjonar.
Velkomen som søkjar hjå oss!

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og stell
  • Sørge for at bebuerane opplever tryggleik, blir verdsett og behandla med respekt
  • Ernæringskartleggjing, vitale målingar, IPLOS og medisinhandtering
  • Tilretteleggje for aktivitet- bruk av aktivitetsdosett
  • Samarbeid med frivillige gjennom Nyby
  • Tilretteleggje for sosiale arrangement
  • Samarbeid med ulike fagpersonar, samt koordinering- og tildelingskontor
  • Bidra til datasamling og funksjonsvurdering, for å sikre god oppfylgjing av den enkelte brukar i tråd med behov
  • Vera kontaktperson for brukar og deira pårørande
  • Bidra med fagleg rettleiing og leggje til rette for lærlingar i utdanning

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha køyreferdigheiter til å handtere fire årstider.
  • Du må ha god kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg minimum nivå B2.
  • Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar).

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar
  • Du har engasjement, humor og kreativitet
  • Du er initiativrik
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
  • Du har evne til å bidra prakstisk og fagleg i samarbeid med andre
  • Du er interessert i eigen fagutvikling og likar nye utfordringar
  • Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har erfaringar og/eller interesse for velferdsteknologi

Vi tilbyr

  • Ein jobb der du blir utfordra både fagleg og personleg
  • God opplæring
  • Nyrenovert omsorgssenter hausten 2024, som gjev gode fysiske arbeidsforhold
  • Personleg og fagleg eigenutvikling gjennom kurs, rettleiing, fagdager og etisk refleksjon 
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar Rauland heimetenester, +47 48210156, hege.rorgemoen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Setali 6A

3864 RAULAND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4888219073

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 02.01.2025

Søknadsfrist: 15.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Setali 6A, 3864 Rauland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
382625051
Sist endret
28. nov. 2024 12:06