60% stilling som prosjekmedarbeidar for nærtenestesenter for tida ved sentraladministrasjonen
- Arbeidsgiver
- Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- Prosjektmedarbeidar
- Frist
- 18.12.2024
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Beskrivelse
Tokke kommune er plukka ut som ein av 9 pilotkommunar for nærtenestesenter. Dette er eit forsøksprosjekt heimla i regjeringsplattforma (Hurdalsplattforma), og er eit spleiselag mellom staten og kommunen. Dette statlege prosjektet er varsla å vare til 31.12 2026.
Føremålet med prosjektet er å prøve ut ordningar som kan redusere avstandsulemper i høve til statlege tenester.
Tokke kommune har i sin søknad om å bli pilotkommune vektlagt å prøve ut lokal teoriprøve til førarkort, lokal ID-kontroll av utanlandske arbeidstakarar, samt hjelpe innbyggarane med digitale tenester på nett.
Prosjektmedarbeidarstillinga er på 60 % og gjeld for 12 månader frå tilsetjing i fyrste omgang. Stillinga vil ligge i kommunedirektørens stab. Prosjektmedarbeidaren vil ha kontor på kommunehuset og med tilgang til kommunal tenestebil.
Då dette er eit nybrottsarbeid vil mange detaljar i stillinga og oppgåvene bli nærare avklara undervegs.
Arbeidsoppgåver:
· Etablere prosjektet i samarbeid med kommunedirektørens stab.
· Gjennomføre teoriprøver til førarkort.
· Gjennomføre ID-kontroll på vegne av skatteetaten.
· Hjelpe innbyggarar med digitale tenester -- både statlege og kommunale, anten ved at innbyggar møter opp på kommunehuset eller ved heimebesøk.
· Andre arbeidsoppgåver som er relevante for prosjektet.
Kvalifikasjonar:
· Ingen absolutte utdanningskrav, men du må vere ein habil digital brukar med interesse og tolmod for å hjelpe andre -- 3-årig høgskule eller tilsvarande vil vere ein fordel.
· Du må kunne setje deg inn dei ulike digitale statlege og kommunale tenestene og hjelpe innbyggarane med søknadsarbeid, rettleie gjennom skjemaveldet og tilsvarande utfordringar menneske som treng hjelp til digitale tenester støyter på.
· Kunne arbeide sjølvstendig og løysingsorientert.
· Førarkort klasse B.
Kommunen tilbyr:
· løn etter kvalifikasjonar i tråd med kommunal tariffavtale
· gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, kopi av attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt intervju.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Me legg vekt på tilrettelegging av arbeidstillhøva om du treng dette.
For meir informasjon kan du ta kontakt med rådgjevar Olav Bjørn Bakken obb@tokke.kommune.no mob:900 54 978.
Søknadsfrist: 18. desember 2024.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storvegen 60, 3880 Dalen
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Rådgivning, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 382626053
- Sist endret
- 28. nov. 2024 11:28