Gloppen kommune søkjer etter ferievikarar i dei kommunale barnehagane sommaren 2025. Det er behov for vikarar som kan jobbe veke 27, 28, 31 og 32. Enkelte av barnehagane kan ha behov for hjelp utover desse datoane. Dersom du i tillegg er tilgjengeleg som vikar vårhalvåret 2025, så skriv dette i søknaden.
Skriv i prioritert rekkefølge kva barnehage du ynskjer å jobbe i, samt kva dato du kan ta til i jobben. Det vil bli nytta intervju ved tilsetting.
Arbeidsoppgåver
I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du som vaksen inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.
Kvalifikasjonar
Det er positivt om du har jobba med barn eller i barnehage tidlegare, men det viktigaste er at du er motivert for jobben og kan jobbe dei aktuelle vekene. Opplæring vert gitt.
Personlege eigenskapar
- Du er over 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2025.
- Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ.
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Du har gode norskunnskapar og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0 - 6 år.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- God opplæring og oppfølging.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, +47 924 07 655
Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, +47 970 95 123
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, +47 468 73 568
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4889448627
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.02.2025