Avdelingsleiar Rus og avhengighet

Arbeidsgiver
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Klinikk for psykisk helsevern og rus skal vi etablere eigen avdeling for Rus og avhengighet. Vi skal sikre heilskaplege, sekvensielle pasientforløp på tvers av ulike behandlingstilbod innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.  Avdelinga skal sikre utdanning av spesialistar innan rusmedisin, utvikle akutt tilbod og sikre adekvat avrusingskapasitet.

Avdelinga vil bestå av Avgiftningspost, TSB poliklinikk og sengepost, og LAR-poliklikk.  Avdelinga har lokasjonar både i Haugesund og Karmøy kommune. 

Avdelingsleiar har totalansvar for avdelinga, det inneber overordna ansvar for fag og kvalitet, personell, økonomi og drift.

Vi søkjer ein engasjert og entusiastisk avdelingsleiar med solid kunnskap innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling som ønskjer å vere med å vidareutvikle verksemda og sikre framtidsretta og gode tenester til pasientane i opptaksområdet.  Stillinga rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe.


Arbeidsoppgåver

  • Totalansvar for avdelinga – fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
  • Leie og utvikle verksemda i samsvar med overordna målsettinga og strategi
  • Sikre god kvalitet i pasientbehandling og rett medisinsk prioritering
  • Sørgje for at klinikken skaper effektive pasientforløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Sikre god koordinering av dagleg drift
  • Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområde og andre einingar i klinikken
  • Stimulere til opplæring, utdanning og forsking

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
  • Spesialistkompetanse innan rus og avhengighetsmedisin vert vektlagt
  • Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
  • Ønskjeleg med erfaring innan økonomi- og budsjettstyring
  • Profesjonssamansetting i klinikkdirektør si leiargruppe vil bli vektlagt ved rekruttering

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå heilskap og god systemforståing
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne å involvere og vere ein samlande leiar
  • Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Ei spennande leiarstilling i eit godt fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4889936082

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
382649722
Sist endret
28. nov. 2024 02:27