Ernæringskokk
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune, pleie- og omsorgsavdelinga
- Stillingstittel
- Ernæringskokk
- Frist
- 12.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Pleie- og omsorgsavdelinga har ledig eit vikariat i 80 prosent som ernæringskokk ved seksjon kjøkken. Vikariatet er frå 01.01.2025 til 31.08.2025, med mogleg høve til fast stilling. Arbeidstida vert turnus på dagtid med arbeid på to av seks helger.
Kjøkkenet i pleie og omsorg er drifta etter kok og server-prinsippet. Seksjon kjøkken er inne i ei stor organisasjonsendring, med bygging av nytt kjøkken ved Herøy omsorgssenter, som skal takast i bruk frå mars 2025. Det vert då samdrift av kjøkkentenestene i kommunen.
Vi ønskjer å tilsette ein dyktig kokk som er er glad i å lage mat, er utviklingsorientert og motivert til å arbeide for å gi dei eldre og sjuke god matomsorg i Herøy kommune. Om du vil vere med i eit godt arbeidsmiljø der vi legg vekt på å utvikle framtidas kjøkkentenester, er du rett person for oss.
Arbeidsoppgåver
- produsere mat til institusjonane og heimebuande, i tillegg til catering
- reinhald
- digital registrering av oppgåver/ tenester
Kvalifikasjonar
- fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk
- erfaring frå kommunale kjøkkentenester (ein fordel)
- vidareutdanning innan ernæring (ein fordel)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- pådrivar for å utvikle fagleg gode tenester
- matinteressert, kreativ og har evne til å engasjere og motivere
- strukturert, sjølvstendig og evner å prioritere arbeidsoppgåver
- løysingsfokusert og fleksibel
- samarbeider godt med andre tenester i kommunen og med kollegaer
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- ei utfordrande og sjølvstendig stilling i eit godt arbeidsmiljø der du får medverke i utviklinga av framtida sine kjøkkentenester
- IA-bedrift
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Skinnes, Seksjonsleiar kjøkken, +47 99095253Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5B6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4888649764
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukeheimsvegen 5B, 6092 Fosnavåg
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
- FINN-kode
- 382653063
- Sist endret
- 28. nov. 2024 02:08