Sjukepleiar/spesialsjukepleiar faste stillingar med langvakter ved Giske omsorgssenter

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar, faste stillingar med langvakter ved Giske omsorgssenter
Frist
16.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med eit ønskje om turnus med langvakter?

Giske omsorgssenter søkjer 4 sjukepleiarar som er klare for turnus i 100 % stilling med langvakter (12,5 timar dag/kveld) og arbeid kvar 4. helg. Frå 2026 starter vi opp årsturnus.

Giske kommune er ei framoverlent og framtidsretta kommune med fire øyer, vakker natur og rikt kulturliv. Vi har stort fokus på både tilsette og brukarane av tenestene våre og ønskjer deg som er engasjert og vil bidra til god og trygg pasientbehandling velkommen som søkjar.

Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i rehabilitering, geriatri, aks, kreftsjukepleie, psykiatri eller anna relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316

Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune


Referansenr.: 4890879969

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
382654087
Sist endret
28. nov. 2024 02:16