Sommarvikar kreftpoliklinikken
- Arbeidsgiver
- Kreft poliklinikk, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sommarvikar kreftavdelinga
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Kreftpoliklinikken har ledig stilling som sjukepleiar /sjukepleiarstudent sommaren 2024.
Periode: 24.06.2024 - 11.08.2024.
Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling (kreftavdelinga), Førde sentralsjukehus består av sengepost, inkl palliative senger, poliklinikk og palliativt team.
På kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling , både cellegift, immunterapi og diverse infusjonar. Vi søker engasjerte sjukepleiestudentar som ynskjer og har erfaring med kreftpasientar.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og behandling til pasientar med kreft og blodsjukdomar og til pasientar som treng lindrande behandling
- Administrering og oppfølging av medikamentell kreftbehandling
- Tilbodet i avdelinga skal også inkludere nære pårørande/familie
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt
Kvalifikasjonar
- For stilling som sjukepleiar krevst det autoritasjon
- Sjukepleiarstudentar må ha fullført første sjukehuspraksis
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Kompetanse, inkl. personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt
- Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig
- Interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
- Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling
- Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø og kjekke kollega
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monika Staberg Sunde, Seksjonsleiar, 959 49 287Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4890685706
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 24.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382663705
- Sist endret
- 28. nov. 2024 03:33