Helgestilling
- Arbeidsgiver
- Tysnes kommune
- Stillingstittel
- Helgestilling i heimetenestene
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.
I takt med utviklinga i samfunnet, aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane vårt. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me ivareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følger opp pasientane i en stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.
Me har eit godt arbeidsmiljø der latteren sitt laust og me hjelper kvarandre.
No søkjer me etter ny medarbeidar som kan bli del av teamet vårt i 20 % fast helgestilling.
Stillinga går i turnus kvar tredje helg, med seinvakt fredag.
Arbeidsoppgåver
- Yte bistand og pleie til heimebuande etter planlagde tiltak.
- Utføre dagleg omsorg og pleie til pasientane.
- Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt pasient.
- Utføre særlege oppgåver etter opplæring og skriftlege prosedyrar.
- Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar.
- Bidra til kvalitetsutvikling på arbeidsplassen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleier er ønskjelig.
- Student innan relevant studieforløp som helsefagarbeidar, vernepleie, sjukepleie.
- Det er fint om du har erfaring og kjennskap med brukargruppa.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
- Førarkort kl. B
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert.
- Er strukturert og har god evne til å arbeide sjølvstendig.
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar.
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Fast stilling i inntil 20 %.
- Arbeid i to-delt turnus, kvar 3. helg.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
- God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
- Stipendavtale for studentar som går i helseretta utdanningsforløp.
- Løn etter kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13
Hilde Marie Flakke, Konst. kommunalsjef helse og omsorg, 99 36 36 46
Arbeidsstad
5680 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommune
Referansenr.: 4887244362
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5680 Tysnes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 382693678
- Sist endret
- 29. nov. 2024 07:38