Assisterande rektor
- Arbeidsgiver
- Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune
- Stillingstittel
- Assisterande rektor
- Frist
- 07.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ved Brattvåg ungdomsskule er det ledig vikariat for assisterande rektor frå 09.12.24 til 31.12.25.
Vi søkjer deg som har leiarerfaring frå skule, eller er ein engasjert pedagog, som kan vere med å skape godt arbeids- og læringsmiljø, Du blir del av ei erfaren leiargruppe med rektor og avdelingsleiar, må like å arbeide i team og vere god på å bygge relasjonar.
Stillinga er fordelt med omlag 80% administrasjon og omlag 20% undervisning.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, ved Brattvåg stadion og Haram vidaregåande skule. Vi har omlag 150 elevar og 22 tilsette, og det er 2-3 parallellar på kvart trinn. Vi er ein dysleksivennleg skule, og arbeider aktivt etter MOT-programmet. Visjonen vår er: "Vi skal ville kvarandre vel, og gjere kvarandre gode".
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenester for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar, inkludert medarbeidersamtalar og oppfølging
- Leie pedagogisk utviklingsarbeid saman med resten av leiargruppa
- Følge opp fagplanar og årsplanar
- Bidra til godt samarbeid og god kommunikasjon med alle tilsette på skulen
- Samarbeide med interne og eksterne ressursgrupper
- Arbeide med saker knytta til eleven sin rett til trygt og godt læringsmiljø
- HMS-arbeid, bygning, brannvern
- Timeplan, vikarordning
- Rektor sin stedfortreder
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning - undervisningskompetanse i fag på ungdomstrinnet
- Erfaring som lærar
- Skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
- God digital kompetanse
- God kjennskap til lov- og avtaleverk
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert
- Handlekraft og evne til problemløysing
- Positivt elevsyn
- Strukturert og sterk på drift, planlegging og gjennomføring
- Fleksibel og med høg arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
- Ein svært variert kvardag
Kontaktinformasjon
Endre Hellandsvik, Verksemdsleiar/Rektor, 91181966, endre.hellandsvik@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 50
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4889180493
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 09.12.2024
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 07.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 50, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 382731370
- Sist endret
- 29. nov. 2024 08:03