Rådgjevar

Arbeidsgiver
Landbrukskontoret, Haram kommune
Stillingstittel
Rådgjevar Skog og vilt
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter saksbehandlar til rådgjevarstilling innan skog- og viltforvaltning.

Nordre Sunnmøre Landbrukskontor er eit interkommunalt landbrukskontor der Haram-, Ålesund-, Giske- og Sula kommune er medlemmar. Haram er vertskommune og har arbeidsgjevaransvaret. Kontorstad er Brattvåg, samlokalisert med resten av kommuneadministrasjonen. Alle medlemskommunane er vårt arbeidsområde. Her er eit variert landbruk, hovedtyngda av skogbruket er i indre delar om området, viltforvaltninga er likt fordelt, her er eit engasjert og aktivt miljø innan jakt. Landbrukskontoret disponerar eigen bil til synfaringar mv. Som rådgivar hos oss får du ein spanande arbeidskvardag, med stor variasjon i arbeidsoppgåvane og ein arbeidskvardag med mykje fagleg ansvar.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling av tilskotsordningar innan skogbruk, forvaltning av skogfond, søknad om landbruksveg, ferdsel i utmark.
  • Saksbehandling av søknad om fellingsløyve storvilt, skadefelling samt forvaltningsplanar innan viltforvaltninga.
  • Kontakt med publikum/grunneigarar om fagområdet skogbruk og viltforvaltning.
  • Halde eksamen for jegerprøve.
  • Andre oppgåver som fell under fagområdet skog- natur- og viltforvaltning.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg med relevant utdanning innan skog- og naturforvaltning på nivå med minst bachelor. Relevant bakgrunn/erfaring kan kompensere for utdanning.

Du har:

  • God evne til munnlege og skriftlig framstilling.
  • Evne til god kommunikasjon med publikum.
  • Kunnskap til offentleg forvaltning er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Ryddig, strukturert og jordnær
  • God til å samarbeide og motivere andre
  • Initiativtaker og pådrivar
  • Engasjert i arbeidsoppgåvene og brukarane, og omtanke for sine kollegaer
  • Resultatorientert, effektiv og nøyaktig
  • God arbeidskapasitet og takle eit høgt tempo i periodar

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
  • Løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, kommunal pensjonsordning, IA- bedrift, fleksibel arbeidstidsordning.

Kontaktinformasjon

Sissel Flagestad, Konstituert Landbrukssjef, +47 94837163, sissel.flagestad@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4888358661
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 02.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
382731470
Sist endret
29. nov. 2024 08:11