Flyktningkonsulent - vikariat

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hyllestad kommune har ledig vikariat i 100 % stilling som flyktningkonsulent/ programrådgjevar frå 15.01.2025 og ut året.  Flyktningtenesta har p.t. tilsett ein programrådgjevar og ein flyktningkonsulent, og vil ha einingsleiar helse som næraste overordna.  

Har du engasjement for inkludering av flyktningar og lyst til å arbeide med mennesker i eit fleirkulturelt miljø?  Hyllestad kommune har til no busett 92 flyktningar sidan 2022, og i samband med ein permisjon treng vi no vikar, førebels ut 2025.  Arbeid hovudsakleg på dagtid, men arbeid på ettermiddag/kveld i samband med mottak av flyktningar/aktivitetar kan forekomme.

Hovudarbeidsoppgåver
  • Mottak og oppfølging av flyktningar som kjem til Hyllestad kommune
  • Kartlegge, rettleie og målretta samarbeid med deltakarane i introduksjonsprogrammet med mål om arbeid eller utdanning
  • Sakshandsaming etter integreringslova
  • Gje generelt råd og rettleiing etter behov, hjelpe flyktningane å søkje offentlege tenester
  • Leggje til rette for og støtte dei som skal ut i arbeidspraksis
  • Samarbeide med fleire, mellom anna vaksenopplæringa, nav og lokalt næringsliv om språkopplæring og arbeidstrening 
  • Samarbeide med andre viktige aktørar som fremjar integrering og inkludering
Kvalifikasjonar 
  • Utdanning som sosionom, men andre med minimum 3-årig høgare utdanning innan sosialfag kan òg søkje  
  • Relevant praksis frå arbeidsområdet kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar i kommunal sektor
  • Kjennskap til introduksjonslova og integreringslova
  • Førarkort klasse B
  • Gode datakunnskapar, det er ein fordel om du har kjennskap til nasjonalt integreringsregister (NIR)
  • God skriftleg og munleg framstillingevne, både norsk og engelsk
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og sakshandsaming
  • Relevant erfaring frå arbeid med flyktningar er ein fordel
  • Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner
  • Du orienterer deg, finn ut av ting og likar å utvikle eigen kompetanse, kunnskap og ferdigheit
  • Open og avklara haldning til ulike kulturar og arbeider kultursensitivt
  • Trygg, robust og tydeleg i kommunikasjon og væremåte
  • Evner å arbeide målretta, strukturert, effektivt og nøyaktig
  • Evne til å motivere menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • Det er viktig at du trivast med teamarbeid og er vant til å ta ansvar for eiga læring og utvikling
  • Du må kunne omstille deg og like å ha ein arbeidskvardag der ikkje alt alltid går som planlagt
 Vi kan tilby
  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Fleksitid
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • God forsikring – og pensjonsordning i KLP
  • Fri tilgang til treningsrom i idrettshallen
  • Bustadtilskot til førstegangskjøparar etter gjeldande reglar

Velkomen som søkjar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
382734618
Sist endret
29. nov. 2024 09:36