Fast stilling som helsefagarbeidar - Bli med på laget i Hyllestad!

Arbeidsgiver
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar, oppstart etter nærare avtale.

Kvifor søkje hos oss?
  • Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane

  • Kjekke og kompetente kollegaer

  • Moglegheit til å arbeide på institusjon og/eller heimetenestene

  • Arbeidstid etter oppsett årsturnus, med arbeid dag, kveld og natt, 3. kvar helg

  • Sjukeheim og heimetenestene er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning.

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet som Hyllestading, sjekk ut www.hyllestadinfo.no

Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
  • Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege

  • Medikamenthandtering

  • Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk

  • Kontakt med pårørande

  • Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du har

fagbrev som helsefagarbeidar (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar). Det er ønskjeleg med erfaring frå yrket. Personlege eigenskapar, som t.d. kommunikasjonsferdigheiter, samarbeidsevner og bidrag til eit godt arbeidsmiljø, vil bli vektlagt. Om du ikkje har fagbrev, vil vi likevel kunne vurdere søknaden din, dersom du ønskjer å ta slik utdanning, då vil vi kunne vere behjelpeleg å legge til rette for slik utdanning.

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Unni Systaddal tlf. 481 790 160 eller fagleiar Hilde Håvåg tlf. 404 14 761.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Vi ser fram til din søknad!

Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg? Då er det deg vi leitar etter! Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.

Relevante lenkjer/info
  • Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar

  • Hyllestad.info

  • Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar

  • Sjå film om den fine kommunen vår!

  • Gratis inngang til treningsrommet i idrettshallen vår

Sektor
Offentlig
Sted
Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
382735937
Sist endret
29. nov. 2024 08:02