6,5 % fast stilling som assistent Hagahaugen Drift
- Arbeidsgiver
- Voss herad Hagahaugen Drift
- Stillingstittel
- Assistent
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Hagahaugen drift søker assistent i 6,5% fast stilling som helgevikar kvar 3.søndag med moglegheiter for ekstravakter.
Stillinga inneber resepsjonsansvar med hovudansvar for terapibasseng. Betjene kasse, telefon, kundekontakt samt utleie av konferansesal. Det ligg også reinhald samt driftsrutinar til stillinga. Stillinga inngår i turnus med jobb kvar 3.søndag, det er annakvar seinvakt/tidlegvakt.
Me tilbyr
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Full opplæring innan livredning/fyrstehjelp, brannansvar, reinhald og driftsrutinar
Kvalifikasjonar
- Assistent
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Ansvar for resepsjon, betjene kasse samt kundekontakt.
- Bidra til reinhald i bassenget og andre aktuelle plassar på bygget.
- Faste driftsrutinar.
- Brannansvar.
- Leige ut lokale.
Kva ser me etter?
- Du har gode symjekunnskapar
- Du er ansvarsbevisst og handterer myndig situasjonar når det trengst.
- Du er serviceinnstilt og løysningsorientert.
- Fleksibel og lojal ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Voss Tinghus, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Annet, Kundeservice, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382736829
- Sist endret
- 29. nov. 2024 09:42