Brenn du for tidleg innsats? Bli med på laget for barn og unge si framtid
- Arbeidsgiver
- Hyllestad Kommune Helse- Og Omsorgsleiar
- Stillingstittel
- Barnevernspedagog
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Satsinga er ein del av tenestetilbodet innan helse og oppvekst med utgangspunkt i helsestasjonen og psykisk helse. Stillinga vil ha ei sentral rolle i utvikling av kompetanse, praksisar og rutinar for samarbeid både når det gjeld førebygging, tidleg innsats og psykisk helse for målgruppa, og er organisert under einingsleiar for helse. Oppvekst, helsestasjon og psykisk helse er sentrale samarbeidspartar.
Du får vere med å prege utforminga av stillinga. Psykisk helse, førebyggjande arbeid, tidleg innsats og samarbeid på tvers av relevante og eksisterande fagområde, legg føringa for stillinga og arbeidsoppgåvene. I starten vil oppgåvene vere av mest strukturell art, medan dei etterkvart vil vere meir tiltaksretta.
Arbeidsoppgåver:-
utvikle ein tilpassa samhandlingsmodell
-
understøtte kompetanseutvikling
-
utvikle rutinar og praksis for førebygging, tidlig innsats og samarbeid for utsette barn og unge
-
iverksette, koordinere og følgje opp tiltak i regi av helsestasjonen og psykisk helse
Vi tilbyr :
-
Arbeidskvardag med mykje variasjon.
-
Fleksibel arbeidstid- fleksitidsløysing
-
Moglegheit for heimekontor med inntil ein dag i veka dersom det passar drifta
-
Eit godt samarbeid arbeidsmiljø der vi legg til rette for personleg utvikling
-
Moglegheit for kompetanseheving etter gjeldande kompetanseplan
-
Lønn og arbeidvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket
Kvalifikasjonskrav:
- Minimum 3- årig høgare utdaning innanfor helse- og sosialfag og pedagogikk - til dømes : Sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og pedagog. Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, rusarbeid, barnesjukepleie, eller anna relevant relasjonell utdanning og gjerne prosjektleiing/-erfaring.
Personlege eigenskapar:
-
gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
-
evne til å jobbe sjølvstendig
-
gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
-
personlege eigenskapar vert vektlagde
Du vert medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut www.hyllestadinfo.no
KontaktFleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunalsjef helse og omsorg Rolf Horne, telefon 577 89 515/ 469 37 412.
Hos oss vil du få gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din! Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!VELKOMEN SOM SØKJAR!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6957 Hyllestad
- Stillingsfunksjon
- Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 382737641
- Sist endret
- 29. nov. 2024 09:16