Lærarvikar ved Introsenteret i Suldal
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Introsenteret
- Frist
- 10.01.2025
Beskrivelse
Me har behov for lærarvikarar for undervisning i norskopplæring og grunnskulefag i enkelttimar og -dagar ved fråvær.
Om eininga:
Introsenteret i Suldal har ansvar for etablering og kvalifisering for flyktningar og opplæring i norsk, samfunnskunnskap, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning på grunnskulens område. Eininga spelar også ei sentral rolle i det kommunale integreringsarbeidet.
Om stillinga:
Me søkjer deg med fagleg kompetanse og samarbeidsevner som vil væra med å bidra til eit godt opplæringsmiljø for vaksne der kvalifisering og kompetanseutvikling mot arbeid og utdanning står sentralt. Du vil undervisa i norskopplæring etter Integreringslova og gjeldande læreplan og/eller grunnopplæring etter Opplæringslova og nye modulstrukturerte læreplanar i engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og/eller norsk. Omfanget av behovet for vikartimar er usikkert i og med faktorar som er vanskelege å føreseia.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisa i vaksenopplæring i eitt eller fleire av faga norskopplæring, engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og norsk.
- Følgja gjeldande læreplanar og opplegg
- Føra fråvær
- Samarbeida med lærarkollegiet og introtenesta om deltakarar
- Andre aktuelle oppgåver
Kvalifikasjonar:
- Pedagogisk bakgrunn og/eller erfaring
- Faglærarutdanning
- Kunnskap om og erfaring med vaksenpedagogikk og/eller spesialpedagogikk
- Tilfredsstillande IKT-kompetanse
- Erfaring med læringsbrett som undervisningsverktøy
- Fleirkulturell forståing
- Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring blir vurderte
Personlege eigenskapar:
- Du må vera innstilt på å samarbeida og samstundes ha evne til å arbeida sjølvstendig og målretta med undervisning og opplæring
- Du må vera fleksibel og positiv
- Du må trivast saman med deltakarar og kollegaar
- Ha gode kommunikasjonseigenskapar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
I Suldal kommune og på Introsenteret får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
- Kandidatar som ikkje kan arbeida 100 % blir også oppmoda til å søkja
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede og denne kan ikkje vera eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer Offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rygjatunvegen 22, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 382741372
- Sist endret
- 29. nov. 2024 10:05