Rådgjevar Kirurgisk klinikk

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Rådgjevar Kirurgisk klinikk
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kirurgisk klinikk har om lag 1000 tilsette og ansvar for eit brutto budsjett på 950 millionar kroner. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved sjukehusa våre.

Klinikken har 7 avdelingar: Avdeling for AIO, prehospital avdeling, avdeling øyre, nase, hals, kirurgisk avdeling, augeavdeling, ortopedisk avdeling og kvinneklinikken. Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i Helse Førde sitt ansvarsområde.

Tiltreding snarast/etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein fleksibel og handlingsorientert rådgjevar til staben i Kirurgisk klinikk. Oppgåvene kan endre seg over tid, avhengig av kompetanse og pågåande prosessar i klinikken/helseføretaket. Stillinga omfattar både oppgåver innan forvaltning og prosjektarbeid.

  • Assistere klinikkdirektør i forvaltningsarbeid og internkontroll
  • Fasilitere og førebu klinikken sine møtefora
  • Tilrettelegge og koordinere prosjektarbeid i klinikken i samarbeid med leiinga
  • Oppgåver knytt til utvikling og fasilitering av innføring av digitale tjenester i klinikken 

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar

  • Stillinga føreset høgare utdanning, minimum på bachelornivå.
  • Erfaring frå prosjekt- og endringsarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og organisatoriske einingar er ønskjeleg
  • Føretaket er i endring og du må vere oppteken av forbetringsmetodikk og vere innstilt på å arbeide med langsiktige prosessar saman med tilsette på alle nivå.
  • Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Proaktiv haldning
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Evne til å skape tillit og samarbeid med andre faggrupper og på tvers av klinikkane
  • Må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø.
  • Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige leiings- og utviklingsprosessar i organisasjonen.
  • Lønn etter avtale 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bjørn Morten Øen, Påtroppande klinikkdirektør, +47 902 06 100

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4883964733

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 03.02.2025

Søknadsfrist: 15.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Rådgivning, Helsepersonell
FINN-kode
382741748
Sist endret
29. nov. 2024 10:37