Rektor/Virksomhetsleder

Arbeidsgiver
Harøy skule, Ålesund kommune
Stillingstittel
Rektor/Virksomhetsleder
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein trygg og tydelig leiar med ambisjonar på elevanes vegne? Bidreg du til at dei tilsette  ser moglegheiter og vert motiverte for utviklingsarbeid til beste for elevanes læring? Har du omstillingsevne og god økonomiforståing? Ønskjer du å vere med på å utvikle skulene i Ålesund vidare?

 

Ålesund kommune søker rektor/virksomhetsleiar til Harøy skule med oppstart 01.01.25 eller så snart som mogleg etter dette.Rektor/virksomhetsleder har det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for drift av skulen. 

Harøy skule er ein 1-10 skole med 98 elever inneverende skoleår. Skulen har ein flott SFO med eit rikt aktivitetstilbod til borna.

Skulen har nynorsk som hovudmål og er nysertifisert som dysleksivennleg skule. Fokusområde dei to neste åra er fagleg inkludering; dette er eit utviklingsarbeid der skulen saman med fire andre skular i kommunen gjennomfører eit viktig utviklingsarbeid saman med Høgskulen i Volda.

Skulen ligg tett knytt saman med Harøy stadion, IP Huse hallen og har ei frisbeegolfbane tett ved. Alt dette er fasilitetar ein kan nytte i undervisninga. Skulen ligg i eit naturvakkert område med korte avstandar både til fjell og sjø. Med Nordøyvegen er Harøy knytt saman med naboøyar og fastlandet.

Harøy skule har mange godt utdanna pedagogar og andre medarbeidarar som legg vekt på godt samarbeid og å utvikle ein god delingskultur. Alle tilsette arbeider målretta etter skulen son visjon for elevgruppa og heim-skule samarbeidet: Trivsel, samarbeid og kunnskap.  Desse måla er synlege i aktivitetane skulen har i kvardagen.

Som rektor/virksomhetsleiar vil du ha eit stort rektorkollegie som møtast jamnleg til felles utviklingsarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Organisering av skulen og skulen sitt arbeid.
  • Økonomistyring og resultatkontroll
  • Pedagogisk leiing; inspirere, motivere og gje retning til dei tilsette gjennom utviklingsarbeid
  • Planlegging og utviklingsarbeid
  • Ansvar for læringsmiljø og psykososialt miljø
  • Ansvar for elevresultat
  • Sikre godt samarbeid mellom heim og skule
  • Delta i og sikre eit godt skuledemokrati
  • Saksbehandlingsoppgåver innafor definerte områder
  • Internkontroll og HMS-ansvar
  • Beredskapsansvarlig på skolen
  • Sikre elevene våre eit trygt og godt skulemiljø som fremjer inkludering, helse, trivsel og læring

Kvalifikasjonar

  • Skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • Erfaring frå grunnskulen og skuleleiarerfaring vil bli vektlagt
  • Kompetanse og erfaring innan administrasjon, inklusiv IKT og personal
  • Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring fra, og kunnskap om plan-,utviklings-og omstillingsprosessar
  • God økonomiforståing
  • God systemforståing om tverrfagleg samarbeid og samhandling
  • Kunnskap om, og forståing av offentleg sektor og administrasjon
  • Politiattest må legges fram

Personlege eigenskapar

Vi søker ein leiar som:

  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
  • Er tydeleg, synleg og målretta
  • Er inkluderande og har eit blikk for alle
  • Kan engasjere og involvere personale, foreldre og rådsorgan i utviklingsarbeidet
  • Er ein samlande og trygg leiar som ivaretek medvirkning og sikrar iverksetting av interne og overordna styringsdokument
  • Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til elevanes beste
  • Har omstillingsevne
  • Legg til rette for gode relasjonar med både elevar, føresette, ansatte på skulen, kolleger i organisasjonen og eksterne aktørar
  • Inspirerer og motiverer tilsette og elevar
  • Arbeider mot både kortsiktige og langsiktige mål
  • Er ambisiøs på skulen og elevane sine vegne
  • Er fleksibel, lojal og har godt humør

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utviklande stilling
  • Engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Skuleleiarutdanning dersom den rette for stillinga manglar dette

Kontaktinformasjon

Hildegunn Pedersen, Kommunalsjef Oppvekst, 952 55 964, hildegunn.pedersen@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 28

6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune


Referansenr.: 4889534294

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 28, 6296 Harøy
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
382742843
Sist endret
29. nov. 2024 11:48