Teamleiar
- Arbeidsgiver
- MOLDE - Seksjon for etterretning, forebygging og etterforskning, Møre og Romsdal
- Stillingstittel
- Teamleiar
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer dyktige etterforskarar til ledige stillingar som teamleiarar for pri-teamet og generell-teamet som politiførstebetjent i Møre og Romsdal politidistrikt. Ved internt opprykk kan bli ledig stilling som etterforskar i grunnstilling, politibetjent 3/2/1, eventuelt politiførstebetjent kan vurderast ved særleg kvalifiserte søkjarar.
Formålet med desse stillingane er at dei skal være med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i dei geografiske einingane i Møre og Romsdal politidistrikt.
Pri-teamet har i dag ansvar for etterforsking av mishandling i nære relasjonar og grov vald. Generell-teamet har resten av straffesakene som ligg til dei geografiske einingane si straffesaks-portefølje.
Dei som får desse stillingane får ansvar for porteføljen til sitt team, å sette ut saker på teamets etterforskere, og selv drive etterforskning i egen saksportefølje, i tillegg til å vere ressurspersoner / senioretterforskarar for andre etterforskarar ved seksjonen. Dei som får desse stillingane skal primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressurspersonar (senioretterforskarar) for andre etterforskarar ved seksjonane.
Det ligg også til stillingane å bli utpeika til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.
Driftseining Nordmøre og Romsdal omfattar sju politistasjonsdistrikt, høvesvis Kristiansund, Molde, Smøla og Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Hustadvika og Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt. Oppmøtestad er ved Molde politistasjon.
Etterforskingsmiljøet i driftseininga er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø og ein ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet og dette skal forsterkast vidare.
Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og stort arbeidspress.
Arbeidsoppgåver
- Etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
- Utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
- Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
- Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved seksjonen
- Delta i operative aksjonar i regi av team/seksjon, eller som bistand til andre einingar
- I samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
- Støtte politipatruljane sin straksetterforsking og politiarbeid på staden
- Bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit i organisasjonen
- Andre oppgåver kan påleggast av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
- Særs god kjennskap til lovverket innanfor etterforsking
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- Gode kunnskapar i bruk av datasystemet til politiet
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønska:
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Tilleggsutdanning innan eitt eller fleire fagområde innanfor etterforsking
- Relevant leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
- Kjennskap og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt stor vekt på god fagleg kompetanse innanfor etterforsking, herunder god evne til å samarbeide internt og eksternt, samt evner til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Du er heilskapsorientert, og du kan sette retning, drive endring, og skape resultat i samhandling med andre.
- Du er villig til å lære deg nye fagområde
- Du er resultatorientert og har god gjennomføringsevne. Du kan jobbe sjølvstendig med god struktur og framdrift
- Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig i relasjonsbygging
- Du tar ansvar, er kreativ og løsningsorientert, og du er flink til å sjå moglegheiter innanfor tildelte rammer
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285 /1455, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 584 500 til kr. 679 700
- Ved eventuelt opprykk kan det blir ledig fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Mona Kvernberg, Seksjonsleiar, 99696930Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4885916205
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Strandgata 2, 6415 Molde
- Stillingsfunksjon
- Annet, Ledelse, Politi
- FINN-kode
- 382771069
- Sist endret
- 29. nov. 2024 12:32