Kjenner du på ein stor motivasjon for å jobbe førebyggande med barn, unge og familiar både direkte og på systemnivå?
- Arbeidsgiver
- Fjaler kommune Helsetenestene
- Stillingstittel
- Familierettleiar og BTI-koordinator
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fjaler kommune skal vere ein god kommune å vekse opp i. Vi jobbar målretta mot styrking av det førebyggande arbeidet for barn, unge og deira familiar. For å lukkast i dette er vi i gang med å bygge opp eit team som skal jobbe direkte ut mot barn, unge og familiar på deira eiga arena.
Vi søkjer etter ein ny medarbeidar i teamet i 100 % fast stilling. Stillinga skal dekke to funksjonar.
I teamet gjer vi målretta rettleiing og støtte til barn, unge og familiane deira med fokus på å bidra til at barn og unge får ein meiningsfull kvardag og eit godt koordinert tenestetilbod. Oppfølginga vert gitt i møte med det enkelte barnet og ungdomen, i samtale med foreldre og i tverrfagleg samarbeid. Vi ser difor etter deg som trivast i møte med barn og unge og som kan gje målretta foreldrerettleiing og koordinere det tverrfaglege samarbeidet kring det enkelte barn og ungdom.
I tett samarbeid og på tvers av eksisterande fagområde vil vi skape arenaer der vi kan kome tidleg inn for å kartlegge og iverksette tiltak. Her får du vere med å gjere ein viktig forskjell og førebygge alvorlege og langvarige vanskar for det enkelte barn og familiane deira. For at vi skal bli gode på tidleg innsats og å styrke samhandlinga mellom ulike aktørar skal vi implementere verktøyet BTI (Betre tverrfagleg innsats). Dette spanande, innovative arbeidet skal du få vere med å drive vidare som ein del av BTI-arbeidsgruppa beståande av deltakarar frå helse, skule og barnehage.
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar
- Positiv, nysgjerrig og reflekterande
- Strukturert
- Sjølvstendig og trygg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Strukturelt og tverrfagelg arbeid med implementering av BTI i kommunen
- Direkte arbeid med barnet og familien på fleire arena (heim-skule-fritid)
- Koordinatorrolle i ansvarsgrupper
- Foreldrerettleiing
- Du får delta i eit framoverlent arbeidsmiljø som imøtekjem dei behova som oppstår mellom tilboda førstelinjetenestene og spesialisthelsetenestene gjer.
- Utviklingsmogelegheiter og sjanse til å vere med å påverke fagutviklinga i teamet
- Engasjerte kollegaer og leiarar med høgt fagleg fokus
- Inkluderande miljø og faglege utfordringar
- 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
- Ønskje om vidareutdanning innanfor relevante områder som til dømes tverrfagleg utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge eller rettleiingskompetanse
- Krav om erfaring frå arbeid med barn og unge
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God datakompetanse og erfaring med dokumentasjon i fagsystem Den sto under «vi søkjer deg som». Har flytta denne hit.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
- Personleg eigna til stillinga
Søkjarlister med namn, kjønn, alder og stilling er i utgangspunktet offentlege. Søkjarar vil bli kontakta om det ikkje finst grunnlag for unntak, og få høve til å trekkje søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord
- Stillingsfunksjon
- Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 382794846
- Sist endret
- 29. nov. 2024 02:35