Ledig vikariat som fagarbeidar ved Elvebøen
- Arbeidsgiver
- Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
- Stillingstittel
- Ledig vikariat som fagarbeidar ved Elvebøen
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta avdeling Elvebøen har ledig 100 % vikariat som fagarbeidar i perioden 01.01.25 - 31.12.25.
Stillinga er inkludert 20 % frie timar.
Elvebøen ligg under tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i eininga vår.
Stillinga krever at du er sjølvstendig samtidig som du har dei eigenskapane som krevs for å jobbe i team. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte og samarbeid er ein viktig faktor for arbeidsmiljøet vårt. Avdelinga har heildøgndsdrift, og det overordna målet til tenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgst mogleg grad av meistring og livskvalitet.
Vi kan tilby både korte vakter på 7 eller 7,5 timar og lange vakter på opp til 14,5 timar- alt etter ynskje. Vi har overnattingsmoglegheiter som gjer at pendling ikkje er eit hinder.
Eininga har tredelt turnus, men for tida er turnusen lagt opp med todelt turnusordning. Eininga har årsturnus.
Om du har spørsmål angåande stillinga ta gjerne kontakt med vikarierande avdelingsleiar Mari Helene Kornberg tlf. 480 47 040 for ein prat!
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsoppgåver knytt til sekundæransvar
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team i lag med primærkontakt
- Rettleie studentar, lærlingar og andre
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider eller barne- og ungdomsarbeidar gjerne med erfaring frå å jobbe med åtferd og miljøarbeid
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Mari Helene Kornberg på telefon 48047040.
Kontaktinformasjon
Mari Helene Kornberg, Vikarierande avdelingsleiar Elvebøen, 46113154, Mari.Kornberg@stad.kommune.noArbeidsstad
Elvebøen6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4887894804
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Elvebøen, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 382799920
- Sist endret
- 29. nov. 2024 02:37