Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
- Arbeidsgiver
- Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har ca. 350 tilsette. MBF har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar. Avdelinga har også tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 6 kjemikarar og 3 fagbioingeniørar.
Analyserepertoaret består av analyse av >50 ulike legemiddel og >40 ulike rusmiddel. Det blir årleg analysert ca. 30.000 legemiddelanalysar og 25.000 rusmiddelanalysar. Dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta.
Seksjonen har avanserte analyseinstrument (LC-MS/MS, LC-QTRAP-MS, LC-QTOF-MS, GC-FID), samt moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Alle analysemetodane er utvikla ved seksjonen.
Frå 03.03.2025 blir det ledig fast stilling som fagbioingeniør. Stillinga er ei dagstilling utan vaktarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av analysemetodane immunsuppressiva og PEth
- Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetodane
- Dagleg og vekentleg instrumentvedlikehald
- Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
- Skrive og redigeringsarbeid i EK
- Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
- Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar
- Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning
- Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel
- Gode datakunnskapar er ein fordel
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
- Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
- Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
- Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode gjennomføringsevner
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
- Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Grundig opplæring og innføring i oppgåvene vil bli gitt
- Dagstilling utan vakter
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin H. Gundersen, Seksjonsleiar, 55973257, kristin.hodneland.gundersen@helse-bergen.noIngunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 495009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4888797038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 383182624
- Sist endret
- 02. des. 2024 07:53