Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Haram vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Frist
10.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar håper vi du vil søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller har utdanning til å undervise på studiespesialiserande og i fellesfaga.

Arbeidsoppgåver

Haram vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule som har omlag 270 elevar og 45 tilsette. Vi søkjer no etter tilkallingsvikarar innanfor alle skulen sine utdanningsprogram og i fellesfaga engelsk, norsk, samfunnsfag, naturfag, kroppsøving og matematikk. 

Våre utdanningsprogram er:

  • Elektrofag
  • Helse- og oppvektsfag
  • Studiespesialisering
  • Teknologi- og industrifag
  • YSK Yrkes- og studiekompetanse

 

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar. Har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av områda/faga skulen tilbyr.


Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein situasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss. Haram vidaregåande skule har også behov for lærarar som kan undervise eit fag eller to for ein periode eller ut skuleåret 2024-2025

Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tar kontakt med deg dersom oppdrag blir aktuelle.

Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • Du må like å arbeide med ungdom. 
  • Du har eit stort engasjement for faget ditt. 
  • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling. 
  • Du har ein inkluderande veremåte. 
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter. 
  • Du likar godt å samarbeide. 
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med. 

  • Ei spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
  • Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Håkon Sæterøy, Ass.rektor, +47 95067318

Arbeidsstad

Skuleråsa 10

6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4889831356

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Startdato: 05.12.2024

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 10.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
383184897
Sist endret
02. des. 2024 08:02