100 % fast stilling som mekaniker/maskinfører
- Arbeidsgiver
- Voss herad Verkstad
- Stillingstittel
- Mekaniker/maskinfører
- Frist
- 16.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tekniske tenester har omlag 100 tilsette og er organisert i 5 underavdelingar; Drift, Plan og oppmåling, Bygg og eigedom, Byggjesak og næring, Brann og redning, Prosjekt og utvikling.
Driftsavdelinga har arbeid innanfor veg, vatn, avløpssektoren og verkstadarbeid for køyretøy/anleggsmaskiner. Heradet eig og driftar ca.311 km med veg og 119 bruer. På VA-sida er det til saman ca.370km med vass- og avløpsleidningar, 85 pumpestasjonar for avløp, 44 vassbeh./pumpestasjoner. Avdelinga har ansvar for å forvalte og utøve eigarskap til heradet sine veg og VA-oppgåver, til beste for heradet sine innbyggjarar. Driftsavdelinga har totalt 40 tilsette.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- reperasjon av større køyretøy/anleggsmaskiner og personbilar.
- oppgåver innan anlegg og maskinarbeid.
- deltaking i vaktordning for brøyting/strøing kan verta aktuellt.
- anna førefallande arbeid.
Ønska kvalifikasjonar:
- fagbrev som meknikar.
- førarkort i klasse C/CE, kranbevis
- maskinførarbevis
- erfaring frå fagområda
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt, som td. samarbeidsevne, sjølstende, ryddig, strukturert, løysningsorientert og positiv haldning.
Det vert også vektlagd erfaring frå reperasjon av anleggsmaskiner.
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og CV som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Uttrågata 9, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Teknisk personell, Håndverker / Mekaniker
- FINN-kode
- 383199332
- Sist endret
- 02. des. 2024 09:07