Lærar med realfagkompetanse - fast stilling 100%

Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Stillingstittel
Lærar med realfagkompetanse
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert og autoritativ lærar med realfagleg bakgrunn, håpar me at du søkjer deg til oss ved Åmot skule.

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss ein lærar som er tydeleg, inkluderande og har ein autoritativ lærarstil, med hjarte for faget. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg som lærar både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at elevane våre får høg kvalitet på opplæringa i eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Sørge for læring og progresjon for den einskilde elev, gjennom tilpassa opplæring
  • Aktiv deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
  • Bidra i eit kollektivt læringsfellesskap, med god delingskultur
  • Forpliktande team- og avdelingssamarbeid
  • Samarbeid med leiinga, føresette og andre aktuelle instansar

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning innanfor realfaga matematikk og naturfag, andre fag vil òg bli vurdert
  • Erfaring frå grunnskule og vidaregåande
  • Spesialpedagogisk erfaring er eit ynskje, men ikkje eit krav
  • Gode digitale ferdigheiter, me nyttar Visma flyt timeplan og Visma skole
  • Søkjarar må ha meget gode munnlege og skriftlige ferdigheiter i norsk
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å jobbe med barn og unge
  • Du har gode mellommenneskelege ferdigheiter
  • Du er ein tydeleg klasseleiiar
  • Du beherskar ulike læringsstrategiar og tilpassa opplæring
  • Du er profejonell i møte med elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du er lære- og samarbeidsvillig
  • Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert
  • Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert
  • Du har evne til å ta og gje ansvar
  • Du fremstår som ein vaksen rollemodell, som møter elevar tydeleg og vennleg

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
  • Løn etter lokal lønnstabell
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Kontaktinformasjon

Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948

Arbeidsstad

Skulevegen 10
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4835327380
Søknadsfrist: 06.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 10, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
383204298
Sist endret
02. des. 2024 11:24