Tannlege 

Arbeidsgiver
IDI - Årstad klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannlege
Frist
17.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vest Tannhelseområde har ledig ei fast 40% stilling som tannlege frå 01.01.2025.

Tenestestad er for tida Årstad Tannklinikk. Klinikken høyrer til Årstad klinikkområde som også inkluderer Ladegården Sykehjem Tannklinikk og Røde Kors Sykehjem Tannklinikk. Klinikken har til saman 26 tilsette: 10 tannlegar, 3 tannpleiarar og 13 tannhelsesekretærar.  Årstad tannklinikk er lokalisert på Årstadvollen, i nabobygget til Institutt for klinisk odontologi (IKO).  Klinikken samarbeider med IKO og har ansvar for å gi klinisk praksis og rettleiing til tannlege- og tannpleiarstudentar i gerodontologi. Den som blir tilsett må rekne med å delta i rettleiing av studentar, samt jobbe på Ladegården Sykehjem tannklinikk og Røde Kors Sykehjem tannklinikk, ved behov. 


Arbeidsoppgåver

-          Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
-          Rettleiing av studentar ved behov
-          Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
-          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

-          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege
-          Det vil bli lagt vekt på brei erfaring som allmenntannlege.
-          Erfaring med rettleiing av studentar er eit føremon
-          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
-          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
-          Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
-          Kan arbeide systematisk, strukturert og målretta
-          Har evne til å jobbe effektivt, prioritere og meistre ein travel arbeidsdag
-          Har gode kommunikasjonsevner
-          Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-          Har personleg og fagleg integritet samt fokus på fagleg utvikling
-          Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
-          Har forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget
-          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
 
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

-          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
-          Løn etter avtale, men med ei minsteløn på kr 620.000
-          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Hazel Axinto Rødseth, Klinikkleiar, 552 06 450, hazel.axinto.Rodseth@vlfk.no

Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936, agnete.norheim.kaldestad@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadveien 21

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4890990034

Stillingsprosent: 40%

Fast

Søknadsfrist: 17.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 21, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
383229469
Sist endret
03. des. 2024 10:32