Er du vår nye lærar?

Arbeidsgiver
Skodvin Montessoriskule
Stillingstittel
Allmennlærar/Grunnskulelærar/Montessoripedagog
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er det deg?
Skodvin Montessoriskule søkjer deg som likar å jobbe i team, og som
vil bli ein del av den flotte montessoriskulen vår.
Ynskjer du å jobba i eit miljø som er tilrettelagt for praktisk læring?
Verdset du eigenutvikling, fridom og meistringskjensle?




Hva vi ser etter

Vi søkjer fortrinnsvis etter erfarne lærarar med spesialkompetanse i montessoripedagogikk, og/eller kompetanse innanfor nokre av desse fagområda: spesialpedagogikk, engelsk,norsk og matematikk.

Søkjarar med ynskje om videreutdanning innan montessoripedagogikk vil bli vektlagt.

Vi søkjer deg som er god til å formidle og til å tilpasse form og innhald slik at du når den einskilde elev. Du har evne til initiativ, fleksibilitet og samarbeid i eit lærande fellesskap. Du likar å omgås ulike typar menneskje og du er god til å byggje mellommenneskelege relasjonar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt og menn oppfordrast til å søkje.

Det vil vere god mogelegheit for fast stilling neste skuleår.

Skodvin Montessoriskule har 67 elevar skuleåret 24/25, fordelt på 1.-7. trinn.

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov om friskular, opplæringslova og føreskrifter til desse. For tilsetjing i skulen krevs gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, som må leggjast fram før tilsetjing, jfr. Opplæringslova § 17-11.




Arbeidsoppgaver

Som lærar på ein montessoriskule jobbar ein etter montessoriprinsippa der læraren først og fremt er ein rettleiar for elevane.

Vi er opptatt av dydene og at alle skal vise respekt,ansvar og toleranse for både seg sjølve og andre.

Pedagog på 4.-7.trinn.




Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, flotte medarbeidarar og ei samansveisa elevgruppe.

Lønn etter tariffavtale, med tillegg for montessoripedagogar.

Mogelegheit for etterutdanning i montessoripedagogikk.

Sektor
Privat
Sted
Skodvinvegen 1, 5956 Hundvin
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
383255704
Sist endret
03. des. 2024 10:12