Sjukepleiar 1
- Arbeidsgiver
- Akutt Døgn, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 1
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig 100% vikariat som sjukepleiar 1 på Akutt døgn i Førde
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med akutt døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Vi har erfaringskonsulent, musikkterapeut, aktivitets - og treningseining.
Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Helse Førde er vårt opptaksområde med ca 110 000 innbyggere. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungent psykisk helsevern.
Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar 1 har seksjonsleiar som sin næraste leiar og har dagleg samarbeid med gruppeleiarar som gjeld drift av seksjonen
- Assistere seksjonsleiar i faglege og administrative oppgåver og er stedfortredar for seksjonsleiar i denne sitt fråvær
- Delta i arbeidet med å sikre god kvalitet på tenestene
- Daglege oppgåver i Gat (ressursstyring) og sørge for forsvarleg bemanning i eigen seksjon
- Arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Dette er ei dagstilling utan arbeid i turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg. Ikkje nordiske statsborgere må minimum ha bestått norsktekst på B2 nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Gode IKT-kunnskaper er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Personeleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring og kontinuerleg rettleiing
- Fagutvikling i form av praktisk og teoretisk undervisning og organisert etisk refleksjon
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, 578 39 488Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888418743
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 22.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 383256611
- Sist endret
- 03. des. 2024 09:57