Kunne du tenke deg eit vikariat på Vikedal skule til våren?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Oppvekst
Stillingstittel
Lærar/ undervisningspersonell
Frist
18.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Lærarar, studentar eller andre med pedagogisk erfaring til kortare og lengre vikariat utover våren 2025. 

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 160 elevar. Vikedal skule ligg fint til med gåavstand til idrettshall og flott natur. Me har sosial læring og utvikling som fokusområde i utviklingsarbeidet vårt, og me treng deg som brenn for dette arbeidet.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me treng lærarar, studentar og dei med pedagogisk erfaring som kan undervise på alle trinn.

Kvalifikasjonar:

  • Lærarutdanning eller påbegynt lærarutdanning er ønskeleg, andre kan og bli vurdert.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkje litt utanfor boksen og er glad i utfordringar.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønnsvilkår:

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg skal legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
383347825
Sist endret
03. des. 2024 01:01