Sjukepleiar eller vernepleiar med hjarte for nattevakt? Bli med oss!

Arbeidsgiver
Døgnpost Folgefonn DPS, Valen sjukehus
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleier
Frist
19.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ved Folgefonn DPS, ein viktig del av klinikken for psykisk helsevern i Helse Fonna, ser etter ein engasjert og omsorgsfull sjukepleiar, eller vernepleiar, som ønskjer å bli vår nye nattevakt.

Hos oss vil du få moglegheita til å bidra i eit viktig arbeid med ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i Kvinnherad og Ullensvang – eit område som dekker om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.

Folgefonn DPS har i dag 12 døgnplassar, fordelt mellom våre dyktige psykose- og allmennpsykiatriske team på Valen. Vi er eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø som verdset samarbeid, fagleg utvikling og omsorg for både pasientar og kollegaer.

Er du klar for å bli ein del av vårt team og gjere ein forskjell i kvardagen til dei som treng det mest? Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging av pasienten individuelt
  • Dokumentasjon og oppfølging av behandlingsplaner

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleier
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er fleksibel.

Vi tilbyr

  •  Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Nattevakturnus med arbeidshelg kvar 3. helg 

Kontaktinformasjon

Tove Ødegard, Funksjonsleiar, +47 53466481

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4890891090

Stillingsprosent: 70%

Fast

Startdato: 27.01.2025

Søknadsfrist: 19.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
383360013
Sist endret
03. des. 2024 02:06