Ferievikarar i pleie og omsorgstenesta

Arbeidsgiver
Årdal kommune Pleie og omsorg
Frist
03.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Heimetenesta / institusjonane treng i tida 23.06.25 – 17.08.25 ferievikarar i følgjande stillingar:

 

HEIMEHJELPTENESTA:

Heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Det er arbeid på dagtid.

 

PERSONLEG ASSISTANSETILTAK:

Helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sin heim.

Turnusarbeid.

 

ÅRDAL SJUKEHEIM:

Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid innan pleie.

Turnusarbeid.

 

PRODUKSJONSKJØKKEN:

Kokk/assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO.

Turnusarbeid.

 

SEIMSDAL SJUKEHEIM:

Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar ( studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie. 

Turnusarbeid.

 

HEIMESJUKEPLEIEN:

Årdalstangen har kombinert arbeid i ute sone og 1. etg. Årdal sjukeheim. Øvre Årdal har 2 soner ( ute og ÅBO ). Vi treng sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar.

Turnusarbeid. Du må ha førarkort.

 

KORTTIDSAVDLINGA ÅBO:

Sjukepleiarar/sjukepleiestudentar.

Turnusarbeid

 

Løn og tilsetjingsvilkår

Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg. 

Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovudtariffavtalen). 2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.

 

Andre opplysningar

Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande. Søknadsfristen kan bli utvida.

I hovudsak må du vera over 18 år, men yngre enn 18 år vil og bli vurdert innan enkelte områder. 

Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg og du må pårekna å arbeide heile ferieperioden.

Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstjenester.

 

SØKNADEN MÅ INNEHALDE:

Kva stillingar og kvar du søkjer (i prioritert rekkefølgje). Du må skriva i søknaden om du har førarkort, oppgi telefonnummer og e-postadresse.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
383389158
Sist endret
04. des. 2024 07:04