Lege i spesialisering, psykiatri

Arbeidsgiver
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering/ALIS
Frist
18.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost og poliklinikk Folgefonn DPS, Valen 

Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.

Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.

 Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk.

Valen sjukehus ligg 20 m unna og har videre 2 år med godkjenning på andre områder:

  • Akutt psykiatrisk post
  • Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg.

Det siste året kan gjennomførast i BUP på tettstad 6 km unna.

Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning  for allmennlegar spesialisering(ALIS).  Ein legg og til rette for ALIS teneste i poliklinikk Odda. 

Det er høve til å søkja stilling for ein kortare periode om det er behov for det.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling

Kvalifikasjonar

  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må bestå norsktest på B2 nivå.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter ein pasientorientert medarbeidar med evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
  • Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad

Kontaktinformasjon

Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +47 53 65 10 46, rolf.christian.mehl@helse-fonna.no

Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 53, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4892500840

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
383406704
Sist endret
04. des. 2024 07:23