Vil du bli vår nye maskinsjef?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinsjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, p.t. MF Norangsfjord
- Frist
- 19.01.2025
Beskrivelse
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Aukra - Hollingsholmen, på vår flotte el-ferje MF Norangsfjord.
MF Norangsfjord er bygd i 2009, men blei i 2019 ombygd frå dieselmekanisk til hybridelektrisk framdrift.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på , og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Søkjar bør bu lokalt. Oppstart etter avtale.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Høgspentkurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Bemanningskoordinator, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.noArbeidsstad
Fv2166480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4892847976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
- Sted
- Fv216, 6480 Aukra
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Teknisk personell
- FINN-kode
- 383456587
- Sist endret
- 20. des. 2024 08:52