Lege i spesialisering- Radiologi Volda
- Arbeidsgiver
- Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering- Radiologi Volda
- Frist
- 10.01.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Er du klar for å bli med på laget ved radiologisk avdeling Ålesund og Volda?
Vi har ledig eit eittårig vikariat i 100% stilling som lege i spesialisering i Volda.
Radiologisk avdeling i Volda har ei stabil arbeidsgruppe og eit livleg arbeidsmiljø, med 5 overlegar, 1 LIS, 14 radiografstillingar, merkantile og fagarbeidar. Vår faste LIS er no i permisjon, og vi ynskjer oss ein vikar. Etter at vikariatet er ferdig, kan det vere moglegheit for forlenging eller fast stilling med arbeidsstad ved Ålesund sjukehus, som er organisert i same avdeling.
Som radiolog hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp innan diagnostikk og behandling. Radiologi som fagområde veks raskt, og vi er på veg inn i ei tid der ny teknologi vil gi oss store moglegheiter! Vår eigen fysikar og forskar Endre Grøvik seier:
"For ei utruleg spennande tid det er å jobbe som lege no! Vi snakkar om den største teknologiske endringa sidan elektrisiteten, og radiologar er dei første som får ta det i bruk i helsevesenet. KI vil ikkje erstatte radiologar, men radiologar som bruker KI, vil erstatte radiologar som ikkje gjer det!"
Volda sjukehus har ein CT, ein MR, tre skjelettlaboratorium, ultralyd og osteodensimetri. Sjukehuset har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og oppgradering. Radiologi har nyleg fått nytt påbygg, ny MR og takhengt røntgen i mottak.
Midt i det beste Noreg kan by på av fjord og fjell, finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og merka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.
Kommunar som ligg i pendlaravstand frå Volda sjukehus, vil kome inn under den nye ordninga for sletting av utdanningsgjeld – Herøy, Sande, Vanylven og Stryn. Les meir her: Ny ordning for sletting av utdanningsgjeld – slik vil det fungere - regjeringen.no
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad. Søknadsfrist er snarast mogleg, og intervju blir gjennomført fortløpande. Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
Kan stillinga vere aktuell for deg? Ta kontakt med oss for meir informasjon eller for eit uforpliktande besøk i Volda.
Arbeidsoppgåver
- 6-delt tilstadesvakt til kl. 22 måndag–fredag med overlege i bakvakt.
- Den som blir tilsett, skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi.
- På dagtid roterer du mellom ulike fagområder som CT/MR, ultralyd og gjennomlysning, samt fagdager.
- Fast internundervisning kvar veke i samarbeid med radiologisk avdeling i Ålesund.
- Ved oppstart får du tildelt rettleiar og ein tilpassa opplæringsplan for dei første to månadene før sjølvstendige vakter.
- Gruppe 1-teneste kan gjennomførast ved St. Olavs hospital, Oslo Universitetssykehus eller andre universitetssjukehus.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Godkjent del 1 av spesialistutdanning, eller turnusteneste etter gamal ordning.
- Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling blir vektlagt.
- Gode norskkunnskapar for munnleg og skriftleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- Du er arbeids- og lærevillig.
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du trivst med teamarbeid.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Thomas Kleinrath, Seksjonsoverlege, thomas.kleinrath@helse-mr.noTom-Atle Solberg, Seksjonsleder, tom.atle.solberg@helse-mr.no
Arbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4885982752
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Lege
- FINN-kode
- 383501994
- Sist endret
- 18. des. 2024 08:17